Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for 19. februar 2007

Tenkepause

Vil du at eg skal halde tankane dine?
Eg skal vera varsom med dei, eg lovar. Det ser bare ut som om du kunne hatt behov for ein pause, og eg er jo her. Det gjer meg ingenting, og eg lovar å ikkje leike med dei. Eg skal bare halde dei ei lita stund, kjenne tyngden av dei. Tenk kor lett du kunne ha kjent deg då. Eg tåler tyngden, eg lovar. Dessuten er det jo ikkje so lang tid vi snakkar om. Bare nett slik at du får pusta nokre skikkelege magedrag nokre gonger. Vi kan sei ti. Etter ti skal eg gje tankane tilbake til deg. Og so kan du få halde mine litt. Bare ikkje nett no.

Read Full Post »