Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Archive for the ‘Poteter’ Category

Natta då han ikkje lenger var

– Han har nok ikkje lenge igjen.

Dei siste dagane har vore ein kamp. Ein kamp for å halde åndedretten i gang. Ein kamp mot smertene som riv i kroppen.

Vi gjer så godt vi kan. For å lindre. For å gjere det lettare.

– Han har nok ikkje lenge igjen, men vi veit jo aldri.

Han snakkar ikkje lenger tydeleg. For oss er det meiningslaust det han seier.

– Eg trur ikkje han kjem seg gjennom natta.

No pustar han roleg der han ligg. Søv. Skal ikkje vakne meir.

Og sjølv om eg har sett dauden før, so er eg spent på korleis eg vil reagere.

Eg kjem inn på rommet. Det er heilt, heilt stille.

Og eg finn det merkeleg fredeleg.

Read Full Post »

Røykehelvete

Ein røyk. To røyk. Tre røyk. Eitt drag. To drag. To og eitt halvt drag. Utpust. Innpust.
Røykinnpust. Røykutpust. Kreftpust. Slimpust. Kolspust. Eg trur eg skal slutte å røykje. Kanskje. Bare ikkje nett no. Ikkje i morgon heller, og ganske garantert ikkje dagen etter i morgon, men eg skal garantert slutte å røykje. Eg kan kanskje slutte å røykje når eg blir tredve år. Det kan jo være lurt i og med at eg har hormonspiral. Det er nok betre å slutte å røykje enn å bli gravid. Ganske sikkert. Om eg blir gravid, so må jo eg uansett slutte å røykje. Noko anna hadde jo vore totalt uhørt. Ein røykjer bare ikkje når ein er gravid. Då er ein passe mongo i hovudet. Når eg tenkjer meg om, so er det jo temmelig mongo å røykje i det heile.

Eg er ein mongo. Det er det eg er. Om eg tenkjer meg om, so er det nok ikkje heilt bra å bruke ordet mongo heller. Det er i grunn temmelig teit å sei mongo. Mongo fra Kongo, ho ho. Tru om det gjer noko om ein tenker mongo om seg sjølv. Strengt tatt treng jo ikkje nokon å få vete det. Eg kan gå rundt og sei mongo. Mongo, mongo, mongo. Mongo fra Kongo, ho ho.
Strengt tatt, so trur eg kanskje at eg treng den røykjen likevel.

Read Full Post »

7436707.jpeg«Over skyene er himmelen alltid blå.»

Eg seier det til meg sjølv, oppatt og oppatt. Det er slikt ein seier for å hugse at livet ikkje er håplaust. Over skyene. Blå himmel. Vi ser opp på dei grå skyene og tenkjer at der oppe, der er det blått. Det er von. Det er ikkje slik at motgang i livet treng å øydeleggje oss. Motgangen kan gjere oss sterkare. Visare. So kjempar vi oss vidare i ein kvardag som vi ikkje har kontroll over. Bit tenna saman og held ut. Og vi held kjeft. Smilar og er vellukka, medan musklane brenn oss heilt opp til hovudet. Vi har mest lyst til å skrike ut at no, no vil eg ha ein pause. Eg orkar ikkje meir. La meg få setje meg. La meg vere åleiene. La meg ha det vondt. La meg grine. For under skyene er jorda som oftast grå.

Read Full Post »

Tenkepause

Vil du at eg skal halde tankane dine?
Eg skal vera varsom med dei, eg lovar. Det ser bare ut som om du kunne hatt behov for ein pause, og eg er jo her. Det gjer meg ingenting, og eg lovar å ikkje leike med dei. Eg skal bare halde dei ei lita stund, kjenne tyngden av dei. Tenk kor lett du kunne ha kjent deg då. Eg tåler tyngden, eg lovar. Dessuten er det jo ikkje so lang tid vi snakkar om. Bare nett slik at du får pusta nokre skikkelege magedrag nokre gonger. Vi kan sei ti. Etter ti skal eg gje tankane tilbake til deg. Og so kan du få halde mine litt. Bare ikkje nett no.

Read Full Post »

Audmjuk

I dag skal eg kle meg naken
Stå der til spott og spe
Audmjuke meg sjølv
Smerte meg sjølv
Bli kjend med meg sjølv

Styrke, kom til meg

Read Full Post »